onsdag 12. desember 2012

Vegleiartur

Trolsk stemning på veg innover Mørkridsdalen. Foto: Nina H.

Kaldt! Foto: Nina H.

Utsikt Foto: Nina H.

Bålkos? Foto: Nina H.

Liten lavvo i mektig landskap. Foto: Nina H.

onsdag 5. desember 2012

Frankrike

I midten av oktober byrja det å bli kaldt og trist i Sogndal - då tok likegodt B3 med seg klatreskoa til Frankrike for litt vin og undervisning.
Kameratsjekk er viktig før ein klatrer. Foto: Nina

I frankrike blei fingrane satt på prøve med opptil seks timar klatring om dagen. Me fekk prøve oss på fine ruter, og ledinga gjekk lettare for dei fleste. Å gå på led når ein klatrar vil seie at ein sikrar seg med tauet etterkvart som ein kjem oppover i veggen (Tronstad, S. 2005). Slynger blir hekta i bolter i veggen, og tauet festa i desse slyngene.

Olga, til venstre, klatrer på topptau. Heidi, til høgre, klatrar på led. Foto: nina
Å sikre ein person som klatrar på led krev meir oppmerksomheit frå sikraren enn ved vanleg topptau. Å klatre på topptau er når tauet er sikra med to uavhengige sikringar på toppen av ruta, og klatraren sitt tau går frå klatreselen, via toppen, og ned til bremsen til sikraren. Sikraren treng berre å stramme inn tauet etterkvart som klatraren avanserer på ruta. På led derimot må sikraren gi ut tau etterkvart som klatraren kjem oppover, og stramme opp ved pause eller nyklippa bolt (Tronstad, S. 2005).

Led. Foto: Nina

 Via Ferrata er ein type klatring med faste installasjoner. Det er italiensk for jernveg. Midt i Frankrikeoppholdet tok me ein tur til ei Via Ferrata-rute i nærleiken og prøvde oss. Ruta var utfordrande med overheng og ulike vanskelegheitsgrader ein kunne velge. På slutten fekk me skli nedover ein zip-line.
Espen på zip-line. Foto: Nina

Litteratur:
Trondstad, S. (2005) Innføring i klatring. Akilles

Solund

Veke 37 var det på tide med ei nyvinning på friluftslivsstudiet. Ein tur til Solund for å lære om kystfriluftslivet med bruksbåtar og kajakkpadling. På Litle Færøyane var det fokus på sjø og naturbasert turisme.

Naturbasert turisme eller reiseliv er opplevingar med innslag av naturen. Det kan være aktivitetar som er avhengige av naturen eller aktivitetar som tilfeldigvis befinn seg i naturen (Mehmetoglu, 2007). Mesteparten av turismen som skjer i Norge er naturbasert turisme. Berre tenk over cruiseship i fjordane, guida turer på breane og bubilturistar som kjøyrer heile landet på langs.

Eit viktig poeng med naturbasert turisme er at den bør vere berekraftig. Det vil seie at bruken av naturen ikkje er slik at framtidige generasjonar ikkje får oppleva den same mektige naturen som me har idag (Mehmetoglu, 2007). Å lage via ferrata i fjella, og bygge store hotell på Hardangervidda vil ikkje bevare naturen, men istadenfor føre til store inngrep og sår. 

I Solund er det nokre spor etter menneske i naturen, men for det meste er det herleg urørt. Det var ei fryd å padle rundt mellom dei mange øyane, og å prøve seg i gamaldagse bruksbåtar der roinga måtte skje i same takt som dei nadre i båten. Definitivt eit naturbasert reiselivsprodukt som må besøkast!


Litteratur:

Mhemetoglu, M. (2007) Naturbasert turisme. Fagbokforlaget.

onsdag 19. september 2012

Klatring

Klatring som sport byrja i Noreg på slutten av 1800talet og byrjinga av 1900talet og ein engelskmann blir ofte kalla norsk tindesports far (Grimeland, G. 2004). William Cecil Slingsby klatra Store Skagastølstind i 1876 og 27.august 2012 var B3 friluftsliv klar for sitt møte med klatresporten.

I dei første klatreåra var eit pålestikk rundt livet og spikerstøvler utstyret dei brukte på klatreturer, medan klassen vår fekk innføring i sittesele, dynamiske tau, brems og klatresko. Det dynamiske tauet blir bunde inn i klatreselens sentralløkke med ein åttetalsknute, og klatrepartneren sikrar med ein taubrems og karabiner festa i sin klatresele (Tronstad, S. 2005).

Klatreskoa hjelper til å gi friksjon mot fjellveggen slik at ein kan stå på dei minste av utstikkarar - faktisk glatt fjell ved svaklatring. Å stole på klatreskoa og friksjonen er viktig når ein skal klatra, ein er tross alt sterkast i beina. Størst mogleg kontaktfate mellom gummi og stein er tingen (Tronstad, S. 2005)!

Dei som var mest gira fekk reise ein tur til Hemsedal og prøve seg på fleirtaulengers klatreruter på naturlege sikringar. Naturlege sikringar er sikringsmiddel som ein set inn når ein klatrar og tek ut og med seg heim. Dei set lite spor i fjellet, og åpnar for å klatra "overalt" (Tronstad, S. 2005).

Klatring er ein spennande og kjekk sport som kan passe for dei fleste. Det krevst litt guts for å tørre seg opp i veggen, men når ein har overvunne det er berre kjekt!

Litteratur:
Grimeland, G. (2004) En historie om klatring i Norge 1900-2000. Fagbokforlaget.
Tronstad, S. (2005) Innføring i klatring. Akilles

tirsdag 15. mai 2012

Store Ringstind!

Store Ringstind (2125) blei bestige 2.mai 2012. FOR ein tur!

Pulketur

Egenferden min gjekk frå Voss til Vikafjellet. Med meg hadde eg Lea og Monica. Lea med pulk og Monica med sekk.

onsdag 7. mars 2012

Å arbeide med skred

29.februar til 1.mars tok me turen til Vigdalen i Jostedalen. Målet med turen var å arbeide med skred, både korleis å unngå dei og kva ein skal gjera dersom nokon er tatt i eit skred. Markus Landrø (tindevegleiar og forfattar av boka Skredfare) opplevde at ein av elevane hans blei tatt i skred på ein tur. Den første tanken som slo han var "har eg trent nok?". Når ein som er "skredekspert", tindevegleiar og forfattar av bøker om skred spør seg sjølv det spørsmålet er nok konklusjonen lysande - ein kan aldri trene for mykje på skredsituasjoner!

Når nokon er blitt tatt i eit skred er tida din største fiende. Forskning har vist at dersom ein ikkje blir gravd ut av snøen etter 15 minutt vil overlevelsesprosenten synka betrakteleg (Lied, K og Kristensen, K. 2003). Det er om ein ikkje døyr av skadane snømengdene kan påføra. Difor er øving på rask og effektiv bruk av sender/mottaker viktig å gjere så ofte som råd. Og aller viktigst - at folk bruker sender/mottaker når dei er ute i skredfarleg terreng.

I Vigdalen arbeidde me med korleis ein skal kunne lese terrenget for å finne primært søkeområde. Ifølge Landrø (Landrø, M. 2007) blir 43 % av dei som overlever hengande fast i steiner eller andre faste gjenstander. Difor er det viktig å sjekke ut desse områda med søkestanga først, etter at ein har gjort eit overflatesøk. På turen delte me oss inn i to grupper og lagde "skredscenario" for kvarandre som måtte løysast på tid.

Når ein har fått eit treff med søkestanga er det tid for utgraving. Her er det viktig at ein ikkje blir stressa og graver uten ein plan, men tar eit skritt eller to tilbake og begynner utgravinga i vifteform slik at ein kjem inn til den skredtatte frå sida og ikkje ovanfrå. Dette prøvde me å ha fokus på, og det gjekk betre for kvar gong me prøvde.

Etter at eg no har arbeidd litt med skred gjennom skredkurs, skulen og skredworkshop forstår eg at det trengst STORE mengder trening. Eg blir nesten meir og meir usikker på om eg kan nok etterkvart som er lærer meir. Men det viktigaste punktet når ein arbeider med skred er å unngå dei og då må me måle brattheit. Ved å halde seg under 30 grader er ein mykje mindre utsatt for å bli tatt - og då treng ein heller ikkje bekymre seg for om ein har øvd nok på å grave ut vennene sine.

Litteratur:
Landrø, M. 2007. Skredfare. Snøskred. Risiko. Redning. Fri Flyt AS.
Lied, K. og Kristensen, K. 2003. Snøskred. Håndbok om snøskred. Vett og Viten AS.